Klargjør siden...

Trenarprofil i avhøyr etter kampfiksing-mistankar Belgia

Club Brugge-trenar Ivan Leko skal avhøyrast av påtalemakta i Belgia etter mistankar om kampfiksing og juks med spelarovergangar i belgisk fotball.

Lekos advokat bekreftar at kroaten er ein av personane som må i samtalar med etterforskarane hos påtalemakta, etter at det onsdag vart gjennomført 57 politirazziaer etter mistankar om svindel i belgisk fotball.

44 av razziaene var i Belgia, mens dei andre aksjonane var i Frankrike, Luxembourg, Kypros, Montenegro, Serbia og Makedonia.

I Belgia slo politiet til mot fleire av dei største fotballklubbane. Blant dei involverte personane er tidlegare Anderlecht-styreleiar Herman Van Holsbeeck, noverande Brugge-trenar Ivan Leko og fotballdommarane Bart Vertenten og Sebastien Delferiere, ifølgje avisa Le Soir.

Også den kjente fotballagenten og tidlegare sportssjef i Charleroi, Mogi Bayat, skal ha blitt arrestert.

Påtalemakta opplyser at lista over mistenkte i tillegg omfattar styremedlemmer i klubbar, dommarar, ein tidlegare advokat, eit rekneskapsfirma, gullsmedforretningar, trenarar, journalistar og moglege samarbeidspartnarar.

Ifølgje avisa De Standaard er Bayat hovudmålet for politioperasjonen saman med ein annan agent og klubbar dei har gjort forretningar med.

(©NPK)

Club Brugge-trenar Ivan Leko må i avhøyr hos påtalemakta i samband med mistankar om kampfiksing og juks med spelarovergangar i belgisk fotball. Foto: AP Photo / Francisco Seco / NTB scanpix.

Annonse