Trollstigen får mobildekning

Dei tusenvis som årleg besøkjer Trollstigen, kan no nytte seg av mobildekning for 4G og tale.

Det har lenge vore etterlyst betre mobildekning frå Trollstigen og innover i fjellet. Fordi vegstrekninga er stengd delar av året, har det vore utfordrande å få dette på plass.

- Regjeringa sørgjer no for utbygging av dekning for tale og 4G i eit område der tusenvis av turistar ferdast om sommaren. Nødnettet vil òg fungere på same nettet, noko som vil vere med på å auke beredskapen på strekninga, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding.

Trollstigen er blant dei mest trafikkerte turistvegane i landet.

Det var Telia som vann anbodet Statens vegvesen kunngjorde i fjor om utbygging av mobildekning på fylkesveg 63 frå Trollstigplatået mot Langdalen i Møre og Romsdal. For å halde nettet i gang, skal Telia nytte seg av solceller og vindturbinar.

Dei satsar på å vere i land med utbygginga frå 2020.

(©NPK)

Trollstigen sett frå utsiktsplassen ved besøkssenteret. Turistar kan no etter planen nytte mobildekning her frå 2020. Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Annonse