Trond Giske kåra til «Årets Trondhjemmer»
Lesarane av avisa Nidaros har kåra Ap-politikar Trond Giske til «Årets Trondhjemmer».
– Dette set eg stor pris på, rett og slett rørande, seier Trond Giske til Nidaros.
«Årets Trondhjemmer» er ein person som i 2022 har gjort ein ekstraordinær innsats for andre, er eit førebilete, har inspirert andre eller gjort ein forskjell i lokalsamfunnet. Vinnaren får 10.000 kroner.
Det er lesarane som har nominert og stemt fram Giske. Totalt var fem personar nominerte til prisen.
– Ein blir både audmjuk og glad. Det er ein stor inspirasjon, og det er spesielt hyggjeleg ettersom det er lesarane som har stemt meg fram, seier Giske.
Den tidlegare Ap-nestleiaren har den siste tida markert seg i politikken som leiar av lokallaget Nidaros sosialdemokratiske forum. Lokallaget har hatt ein kraftig medlemsvekst.
Giske seier han kjenner seg igjen i nyttårstalen til kongen. Kongen snakka blant anna om det å falle og reise seg igjen.
– Det kan eg kjenne meg igjen i. Særleg at det skjer med hjelp av andre og ikkje åleine, seier han til Nidaros.
(©NPK)
– Ein blir både audmjuk og glad, seier Trond Giske over å ha fått prisen «Årets Trondhjemmer». Foto: Beate Oma Dahle / NTB