Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Trondheim overtar for Japan og Sapporo og arrangerer eiga verdscuphelg i kombinert 26.- til 27. januar.
ole.henrik.tveten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 14.09.2018 kl 11:58
Det internasjonale skiforbundet (FIS) bestemte fredag at verdscuprennet i kombinert blir flytta frå 12.-13. mars til helga 26.-27. januar.
Opphavleg var det Japan og Sapporo som skulle arrangere renn helga 26.-27. januar, men arrangørane i Japan måtte i sommar kaste inn handkleet.
- Det er viktig for oss å fylle kvar helg om vinteren med Tv-sende renn. Derfor er vi utruleg glad for at vi i samarbeid med Norges Skiforbund, arrangørane i Trondheim og NRK klarte å få til dette. No ligg alt til rette for ei skikkeleg kombinerthelg i Trondheim der det ikkje blir arrangert andre renn parallelt. Det blir spennande å sjå om vi får skikkeleg kombinertstemning i Granåsen både laurdag og søndag, seier renndirektøren for kombinert i Det internasjonale skiforbundet, Lasse Ottesen.
Leiaren i organisasjonskomiteen, Erik Andresen, seier at dette blir eit fint høve til å sjå fleire lokale heltar i verdsklasse kjempe om pallplasseringar rett før ski-VM i Seefeld.
- Det kjem til å bli to actionfylte dagar med stor stemning i Granåsen, seier Erik Andresen.
(©NPK)
Trønderen Jørgen Graabak gjekk inn til siger Natrudstilen sist helg. I januar blir det konkurransar på heimebane i Trondheim. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix.