Klargjør siden...

Trump inviterer til ramadan-måltid for første gong

President Donald Trump har for første gong invitert muslimar til iftar, middagen som muslimar et etter solnedgang under ramadan.

I fjor blei det ingen iftar i Det kvite hus, dermed braut Trump med ein tradisjon som blei starta i 1996, da Bill Clinton var president. Men i år vil presidenten gjennomføre tradisjonen, som Hillary Clinton skal ha tatt initiativ til.

- Det vil bli rundt 30-40 deltakarar, seier pressetalskvinne Sarah Sanders i Det kvite hus.

Fleire amerikanske muslimske grupper har allereie sagt at dei ikkje vil delta på arrangementet.

Trump har tidlegare komme med fleire utspel som er blitt oppfatta som antimuslimske.

Ramadan blir i år avslutta med id-feiring 14. juni etter at millionar av muslimar verda over har latt vere å ete og drikke mellom soloppgang og solnedgang den siste månaden.

(©NPK)

Annonse