Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Samtalane med nordkoreanarane går veldig bra, ifølgje president i USA Donald Trump. Han ser fram til å få eit brev frå Kim Jong-un før helga.
frode.kvam@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 31.05.2018 kl 16:06
Utanriksminister Mike Pompeo fortset torsdag samtalene i New York med Kim Yong-chol. Han er rekna som den høgre handa til leiaren i Nord-Korea og er den høgast rangerte tenestemannen frå det lukka landet som har besøkt USA på 18 år.
Målet med møta er å gjenopplive planane om eit toppmøte mellom Kim Jong-un og Trump i Singapore 12. juni.
Idet frukostmøtet mellom Pompeo og nordkoreanarane starta fredag, uttalte Trump at samtalene går veldig bra.
- Eg ser fram til å sjå kva som står i brevet. Dei kjem truleg til å komme til Washington fredag for å levere brevet, så eg ser fram til det, seier Trump.
Trump avlyste førre veke brått det planlagte toppmøtet. Det gjorde presidenten i form av eit brev adressert til Kim. Der skulda Trump Nord-Korea for å ha vist «eit veldig sinne og open fiendskap».
Samtidig takka han Kim for å ha lauslate amerikanske fangar og sa at han gler seg veldig til ein dag å møte nordkoreanaren.
(©NPK)
President Donald Trump uttalte seg til media før han gjekk om bord i flyet som skal ta han til Texas torsdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix