Klargjør siden...

Trump ventar på brev frå Kim

Kim Jong-un har svart på brevet han i førre månad fekk frå president Donald Trump, men det er enno ikkje kjent kva den nordkoreanske leiaren skriv.

Trump avlyste 24. mai eit planlagt toppmøte med Kim, og langa ut mot den nordkoreanske leiaren i eit brev som blei offentleggjort av amerikanske medium.

I det personlege brevet skulda han Kim for å ha vist «kraftig sinne» og «open fiendskap» og at det derfor ville vere «upassande» å møte han.

Få timar seinare ombestemte Trump seg tilsynelatande og antyda at det planlagte toppmøtet i Singapore 12. juni likevel ville kunne finne stad.

Uforståande

Nord-Korea kommenterte ikkje direkte innhaldet i brevet frå Trump, men stilte seg uforståande til den det som tilsynelatande var ei avlysing av toppmøtet frå den amerikanske presidenten.

- Ytst beklageleg, sa viseutanriksminister i landet Kim Kye-gwan, som understreka at den nordkoreanske leiaren når som helst er villig til å sette seg ned ansikt til ansikt med Trump.

Den høgre handa til Kim, den tidlegare etterretningssjefen og generalen Kim Yong-chol, kom onsdag New York, der han har hatt samtaler med utanriksminister Mike Pompeo.

Brev i bagasjen

Med seg i bagasjen hadde han også eit personleg brev frå Kim til Trump, som han fredag tok med seg til Washington for å overlevere til den amerikanske presidenten.

Pompeo opplyste torsdag at samtalene med den nordkoreanske utsendinga hadde vore konstruktive og at det var gjort reell framgang i arbeidet med å få i stand eit toppmøte. Han hylla også Kim Jong-un som «ein leiartype som kan ta dristige avgjersler».

Trump kommenterte også samtalene mellom Pompeo og Kim Yong-chol og hevda at dei gjekk svært bra. Han sa også at han gleda seg til å lese brevet frå den nordkoreanske leiaren.

- Eg ser fram til å sjå kva som står i brevet, sa han torsdag.

(©NPK)

Leiar Kim Jong-un i Nord-Korea har skrive brev til sin amerikanske motpart Donald Trump og sendt sin fortrudde medarbeidar Kim Yong Chol (bildet) til Washington for å overlevere det. Foto: AP / NTB scanpix