Trump vurderer møte med Putin i sommar

President Donald Trump seier det er mogleg at han og Russlands president Vladimir Putin vil møtast ein gong i sommar.

Trump kom med utsegna på eit pressemøte utanfor Det kvite hus fredag. Kreml har ikkje kommentert utsegna enno.

Trump tok også opp att at han meiner russarane på nytt bør bli medlem av G7, gruppa av dei sju rikaste demokratiske industrilanda i verda.

Russland blei suspendert frå G8, som det då heitte, i 2014 etter annekteringa av den ukrainske Krimhalvøya.

- Det er mykje betre at vi kjem over eins med dei, enn at vi ikkje gjer det, sa Trump.

Den amerikanske presidenten skulda forgjengaren sin Barack Obama for at Russland blei ekskludert frå G8.

- Eg trur ikkje Obama likte Putin, sa Trump og la til at han meiner det var Obamas feil at Russland annekterte Krim.

- Putin respekterte ikkje Obama. Obama var den som tapte Krim, bere så de veit det, sa Trump fredag.

(©NPK)

President Donald Trump snakka med pressa på plenen utanfor Det kvite hus fredag. Der ymta han blant anna om at det kan henda han skal møta Russlands president Vladimir Putin i sommar. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse