«Tsjekkias Trump» igjen utnemnt til statsminister

Milliardæren Andrej Babis, med tilnamnet «Tsjekkias Trump», blir igjen prøvd innsett som statsminister av presidenten i landet Milos Zeman.

Babis blei onsdag tatt i eid av Zeman for andre gong på eit halvt år.

- Eg håpar regjeringa di denne gong får tillit frå nasjonalforsamlinga, sa presidenten under seremonien.

Det første forsøket på å danne regjering fall i fisk på grunn av manglande støtte i nasjonalforsamlinga. No vil Babis og ANO-rørsla hans søke støtte hos Sosialdemokratane og det tsjekkiske kommunistpartiet - som dermed kan få direkte påverknad på regjeringa for første gong sidan jernteppet fall i 1989.

Babis er den nest rikaste mannen i Tsjekkia og ein nær alliert av Zeman. Han blir rekna som populist, og er sikta av politiet for svindel med EU-middel.

I januar i år blei Zeman attvalt med knapp margin framfor ein meir liberal motkandidat. Presidenten er vennleg innstilt til Russland, men ytst kritisk til innvandring og islam. Han har kalla islam «dødens religion» og gått sterkt imot forslaget frå EU om obligatoriske flyktningkvotar.

Journalistar står heller ikkje høgt i kurs hos presidenten i Tsjekkia. Han har kalla journalistar «hyenar» og spøkt med at dei bør drepast i ein samtale med president i Russland Vladimir Putin.

(©NPK)

Milliardæren Andrej Babis (t.v.) blei onsdag utnemnt til statsminister av president Milos Zeman. Foto: AP/NTB scanpix

Annonse