Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Hyttekommunar som Hemsedal, Hol og Gol ligg på topp i alkoholsalet per innbyggjarar, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det er første gong det er laga ei slik oversikt.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 28.03.2018 kl 13:15
Sist oppdatert: 28.03.2018 kl 14:59
Ifølgje Kommunal Rapport toppar Hemsedal lista over alkohol selt frå butikkar og vinmonopol, med ei omsetning på 6,9 liter rein alkohol per innbyggjarar i 2016. Så følgjer Hol (6,8 liter). Gol deler tredjeplassen med Balsfjord (begge 6,5 liter).
Balsfjord i Troms har 5.600 innbyggjarar og eitt pol. Rådmann Ellen Beate Lundberg trur plasseringa på lista kan forklarast med at kommunen har mange hytter.
- Om berre innbyggjarane i Balsfjord hadde konsumert alkoholen, ville det slått ut i form av behov for tenester frå kommunen. Men vi har ikkje observert noko unormalt. Forklaringa ligg med stort sannsyn i at vi har mange hyttefolk som bur i nabokommunen Ballangen, der det ikkje er vinmonopol, seier Lundberg.
Nedst på lista finn vi kommunane Eidskog, Åsnes, Halden, Rakkestad, Kongsvinger, Sør-Odal og Grue - alle med eit sal på mellom 2,7 og 3,3 liter rein alkohol frå butikkar og pol. Felles for dei er nærleik til svenskegrensa.
(©NPK)
Interaktivt kart som viser talet på liter rein alkohol omsett per person i kvar kommune i 2016. Informasjon om kvar kommune, tala er frå FHI.
Tala omfattar alkohol selt frå pol eller i butikkar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix