Klargjør siden...
Annonse

Tusk oppfordrar Conte til «respektfull dialog»

EU-president Donald Tusk gratulerer Giuseppe Conte med posten som italiensk statsminister og oppfordrar til «respektfull dialog». 

EU-skepsisen stikk djupt i den nye høgrepopulistiske regjeringa i Italia, men Tusk inviterer likevel til samarbeid og dialog.

- Utnemninga di kjem på eit kritisk tidspunkt for Italia og heile EU, skriv Tusk i eit gratulasjonsbrev til Conte.

- Vi kan berre blomstre når det skjer basert på respektfull dialog og lojalt samarbeid, noko eg vil gjere mitt beste for å sikre, seier Tusk.

(©NPK)

EU-president Donald Tusk inviterer den nye regjeringa i Italia til samarbeid. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse