Klargjør siden...
Annonse

TV3-sjefen sluttar

Morten Micalsen gir seg som administrerande direktør for MTG-kanalar som TV3, Viasat 4 og TV6. Han har hatt jobben i fire år.

Ifølgje bransjenettstaden Kampanje vart dei tilsette orientert om avgangen fredag.

- Planen var å bli i selskapet i tre år for å gjennomføre ein snuoperasjon. Det vart fire fantastiske år, og eg er stolt av det vi har fått til saman på denne tida, seier Micalsen.

Morten Aass, sjefen for MTG Norge, tar over Micalsens jobb, som ein del av ei reorganisering av selskapet, fortel Kampanje.

(©NPK)

Annonse