Klargjør siden...

Tyrkiske studentar tiltalte for terrorpropaganda beordra lauslatne 

Jubelen stod i taket i rettssalen i Istanbul då dommaren avgjorde at 14 studentar skulle lauslatast onsdag. Men dei er framleis tiltalte for «terrorpropaganda».

I mars blei i alt ti unge menn og fire unge kvinner arresterte etter at politiet storma ein studentheim ved det prestisjefylte Bogazici-universitetet i Istanbul. Saman med åtte andre studentar blei dei tiltalt for terrorpropaganda som følgje av at dei hadde deltatt i ein protestaksjon mot militæroperasjonen til Tyrkia mot den kurdiskbefolka byen Afrin i Nord-Syria.

Studentane risikerer opptil fem år i fengsel om dei blir kjent skuldige i å ha drive propaganda for det forbodne kurdiske Arbeidarpartiet PKK, slik dei er tiltalt for.

Gråt i glede

Saka er blitt skarpt kritisert av menneskerettsaktivistar, men onsdag starta rettssaka mot dei i alt 22 studentane. Etter eit svært kjensleladd rettsmøte gav dommaren ordre om at dei 14 som har sete fengsla, skulle setjast fri.

Avgjerda fekk kjenslene i spel i den stappfulle rettssalen, og fleire av slektningane til studentane begynte å gråte i rein glede og lette.

Alle 22 er framleis tiltalt, noko som inneber at dei blant anna må melde seg for politiet med jamne mellomrom. Neste rettsmøte skal først haldast 3. oktober.

Sukkertøy

Aksjonen til studentane blei gjennomført dagen etter at tyrkiske regjeringssoldatar og allierte syriske opprørarar hadde tatt kontroll over Afrin, som til då hadde vore kontrollert av den syriskkurdiske YPG-militsen.

Ei gruppe studentar hadde opna ein stand på universitetsområdet der dei delte ut sukkertøy kalla «Afrin Delight» til minne om tyrkiske soldatar som blei drepne under offensiven. Ei anna gruppe studentar reagerte på bodskapen og stilte opp med eit banner der det stod: «Det er ingenting søtt med okkupasjon og massakre». Det var dette som fekk president Recep Tayyip Erdogan til å stemple studentane som «terroristar».

Under den første dagen av rettssaka avviste studentane at dei støttar PKK. Dei sa at dei berre hadde ropt generelle antikrigsslagord som «Nei til krig, fred no» og «Saman mot fascisme».

(©NPK)