Klargjør siden...

Tyskland ber Daimler tilbakekalle 774.000 bilar i Europa

Daimler må tilbakekalle totalt 774.000 køyretøy i Europa på grunn av programvare som legg opp til utsleppsjuks, opplyser regjeringa i Berlin.

Programvara skal vere laga for å skjule høge nivå av skadelege utslepp under testing. Slik teknologi var sentralt i dieselskandalen i 2015. Då innrømde den største bilprodusenten i verda, tyske Volkswagen, å ha installert slik programvare i 11 millionar dieselbilar.

Det var Tysklands samferdselsminister Andreas Scheuer som opplyste om tilbakekallingsordren etter eit møte med Daimler-sjef Dieter Zetsche måndag.

238.000 av køyretøya frå Mercedes-Benz' morselskap vert tilbakekalte i Tyskland, dei andre i andre europeiske land.

Det dreier seg i hovudsak om Mercedes-Benz' Vito-varebilar og dieseldrivne utgåver av GLC 4x4 og C-klasse sedanar, opplyser transportministeren.

Scheuer hadde kalla Zetsche inn til møtet etter at tyske transportmyndigheiter i førre månad avdekte at Daimler hadde brukt teknologi som gjorde at Vito-varebilane kunne skru av eller skru ned utsleppskontrollane. På denne måten kunne køyretøya sleppe unna utsleppskrav. Regjeringa gav Daimler i slutten av mai to veker på seg til å opplyse om omfanget av teknologien for utsleppsjuks i sine køyretøy.

- Daimler seier at programma i kontrollprogramvaren i motoren, som dei føderale myndigheitene har funne feil ved, skal fjernast snarast mogleg og i gjennomsiktig samarbeid med myndigheitene, seier transportministeren.

(©NPK)

Tyske myndigheiter krev at Daimler kallar tilbake 774.000 Mercedes-Benz-bilar. Foto: AP / NTB scanpix

Daimler-sjef Dieter Zetsche kom til samferdselsdepartementet i Berlin måndag etter å ha blitt kalla inn til møte av statsråd Andreas Scheuer. Foto: DPA via AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse