Tyskland knuste EM-finaledraumen til J19-landslaget

Tyskland blei for sterke for J19-landslaget til Noreg i EM-semifinalen og vann 2-0. Dei norske jentene må ta til takke med bronse.

Tyskarane kunne juble for finaleplass etter scoringar av Melissa Kössler og Anna-Lena Stolze. EM er dermed over for dei norske jentene.

Sidan det ikkje blir spelt bronsefinale, endar Noreg og den andre semifinaletaparen på delt tredjeplass og får bronsemedaljar.

Noreg hadde mykje ball, men sleit med å omsette sjansane. Tyskarane opna best, og etter fem minutt smalt Melissa Kössler ballen i tverrleggjaren.

Kössler fekk likevel revansje rett før pause. En tysk dødball gjekk gjennom heile feltet og enda til slutt hos Turbine Potsdam-spelaren. Eit svært passivt norsk forsvar og ein nølande og usikker keeper, Linn-Mari Nilsen, måtte sjå at Kössler sikra 0-1.

Vondt blei til verre like etter pause. Berre to minutt var spelt da Paulina Krumbiegel sende gjennom ein herleg gjennombrotspasning. Ballen nådde Anna-Lena Stolze, som banka inn 0-2 lågt i motsett hjørne.

Noreg hadde ingen stor dag i sveitsiske Biel. Andrea Norheim var nærmast då ho klemte til frå 20 meter etter 67 minutt. Sisteskansen til Tyskarane fekk nokre fingertuppar på skotet og gjorde at ballen enda i metallet før forsvaret klarerte til corner.

Marie Müller var svært nære med å punktere kampen på overtid då tyskarane kontra, men ballen enda endå ein gong i tverrleggjaren. Dermed blei sluttresultatet 0-2 og det blei tysk jubel i Sveits.

(©NPK)

Det blei ingen norsk jubel for Emilie Nautnes og J19-landslaget i EM-semifinalen mot Tyskland fredag. Her frå gruppespelkampen mot Frankrike. Foto: Urs Flueeler / Keystone / NTB scanpix

Annonse