UD: Kommunal Israel-boikott ikkje ulovleg

Utanriksdepartementet konkluderer med at lokal boikott av israelske varer og tenester frå Vestbreidda ikkje er ulovleg, men heller ikkje «tenleg».

- Kommunal innkjøpsboikott retta mot varer og tenester produserte i busetjingar på okkupert område strir ikkje mot Noregs internasjonale forpliktingar på handelsrettsområdet, skriv statssekretær Audun Halvorsen (H) i UD i eit brev til Fylkesmannen i Troms, ifølgje Vårt Land.

I slutten av 2016 vedtok bystyra i Trondheim og Tromsø ein slik lokal boikott. Halvorsen har vurdert vedtaket i Tromsø etter at Høgre, Frp og KrF klaga det inn for fylkesmannen.

- Regjeringa meiner likevel at eit slikt vedtak er lite tenleg og noko vi ikkje tilrår. Regjeringa ser ikkje boikott som eit hensiktsmessig verkemiddel for å løyse konflikten mellom israelarane og palestinarane, skriv Halvorsen.

I Bergen, Moss, Bodø og Kristiansand har liknande boikott-forslag vore oppe til diskusjon, utan å få fleirtalsstøtte. I Arendal vart boikotten sett på vent til dei fekk høyre UDs konklusjon.

UD påpeikar at departementet ikkje har «vurdert om en kommunal anskaffelsesboikott vil kunne stride med den nasjonale anskaffelseslovgivningen, da dette hører til i Nærings- og fiskeridepartementets ansvarsområde».

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse