Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Det europeiske fotballforbundets (Uefa) økonomiske etterforskarar tilrår at Serie A-klubben Milan blir utestengt frå Europaligaen.
stian.johnsen@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 15:27
Årsaka er at Uefa meiner Milan har brote reglane for økonomisk «fair play», skriv New York Times.
Uefa er uroa for økonomien til Milan etter at den kinesiske forretningsmannen Li Yonghong kjøpte klubben frå Silvio Berlusconi for nesten åtte milliardar kroner i april i fjor.
Milan kvalifiserte seg for gruppespelet ved å bli nummer seks på Serie A-tabellen, men raude rekneskapstal kan koste italienarane spel i Europaligaen. Klubben har ikkje følgt reglane om økonomisk fair play (FFP) dei tre siste sesongane.
Uefa stiller seg undrande til evna Milan har til å betene lån på 300 millionar euro (2,8 milliardar kroner). Etter planen skal pengane tilbakebetalast til eit amerikansk hedgefond i oktober. Klubbpresident Li står som garantist.
(©NPK)
Milan kan bli utestengde frå Europaligaen. Foto: Antonio Calanni / AP / NTB scanpix