UEFA-presidenten slår tilbake mot finalekritikk

Avgjerda om å arrangere europaligafinalen i Baku har fått krass kritikk. - Vi må utvikle fotballen overalt, svarer UEFA-president Aleksander Ceferin.

Den 29. mai møtest Chelsea og Arsenal i finalen i Europaligaen. Supporterane har vore i harnisk over valet av Aserbajdsjans hovudstad som finaleby. Det er ei langt å reise, og det er vanskeleg å finne rimelege flybillettar.

At Arsenal-spelaren Henrikh Mkhitaryan har måtta sjå seg nøydd til å stå over kampen på grunn av den politiske spenninga mellom Armenia og Aserbajdsjan, har òg utløyst sinne.

- Vi har undersøkt grundig alle moglegheiter for at «Micki» kan vere ein del av troppen, men etter å ha diskutert med Micki og familien hans, har vi i fellesskap vorte samde om at han ikkje reiser, skreiv Arsenal tidlegare om avgjerda.

Ceferin slår tilbake

I eit intervju med det tyske magasinet Der Spiegel, svarer UEFA-president Aleksander Ceferin, ifølgje VG, på mykje av kritikken som er retta mot at Baku er finaleby.

- Kvifor? Fordi det bur menneske der. Dei elskar fotball. Vi må utvikle fotballen overalt, ikkje berre i England og Tyskland, seier Ceferin om valet.

Han innrømmer at menneskerettssituasjonen i landet er problematisk, men at det «er spørsmål knytt til menneskerettar i andre europeiske land òg».

Om Mkhitaryan-situasjonen seier Ceferin dette:

- Aserbajdsjan har garantert for ein nøye gjennomtenkt tryggingsplan. Når alt kjem til alt, var det denne spelaren sjølv som valde å ikkje reise. Dersom vi lèt (politisk) spenning stoppe fotballen, så kan ein ikkje organisere noko som helst lenger. Vi arrangerte òg ein trygg europameisterskap i Frankrike i ei tid då Frankrike var eit mål for terroristar.

Returnerer billettar

På grunn av reiseavstanden og utgiftene det medfører å reise til finalen, har billettsalet hos dei to finaleklubbane vore lunkent.

Hos både Arsenal og Chelsea har salet av billettar gått tungt, og som eit resultat av dette har dei to klubbane returnert ei stor mengde billettar som dei ikkje får selt.

Arsenal har returnert 2.200, medan Chelsea, ifølgje nyheitsbyrået AFP, berre har selt 2.000 av 6.000 moglege.

- Majoriteten av desse billettane har allereie vorte selde til supporterar i Aserbajdsjan, og vi har stor tru på at billettane som er igjen, er ettertrakta, seier Uefa i ei fråsegn.

(©NPK)

UEFA-president Aleksander Ceferin svarer på kritikken. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB scanpix

Henrikh Mkhitaryan får ikkje spelt finalen i Europaligaen. Det er berre éin av fleire ting som har fått kritikk i samband med kampen. Foto: Sergei Grits / AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse