Annonse

Uendra for Noreg på Fifa-rankinga for kvinner

Noreg beheld si plassering på Fifa-rankinga i fotball for kvinner og går inn i den avgjerande hausten i VM-kvalifiseringa på 14.-plass.

Martin Sjögrens lag har sidan førre ranking i mars tatt tre strake sigrar i VM-kvalifiseringa med 6-0 i målscore, men kampane mot Nord-Irland og Irland har ikkje gitt noko løft på rankinga sjølv om poengsummen har auka frå 1871 til 1887.

USA beheld førsteplassen med god margin, men blir no følgt av Tyskland og Frankrike. England fell to plassar frå 2.- til 4.-plass.

Japan klatrar heile fem plassar til 6.-plass. Europameister Nederland, som er Noregs rival i kampen om gruppesiger i VM-kvalifiseringa, fell to plassar og er nummer ni.

Sverige fell til 11.-plass, og dermed er det ingen nordiske lag i topp ti.

Slovakia, som Noreg må slå borte 31. august for å få gruppefinale mot Nederland i VM-kvalifiseringa fire dagar seinare, er nummer 46.

Slik er rankinga (førre plassering i parentes):

1) USA 2115 (1), 2) Tyskland 2049 (3), 3) Frankrike 2032 (5), 4) England 2026 (2), 5) Canada 2009 (4), 6) Japan 1988 (11), 7) Brasil 1985 (8), 8) Australia 1979 (6), 9) Nederland 1977 (7), 10) Nord-Korea 1955 (10), 11) Sverige 1941 (9), 12) Spania 1911 (12), 13) Danmark 1903 (13), 14) Noreg 1887 (14), 15) Sør-Korea 1881 (16), 16) Italia 1870 (15), 17) Kina 1867 (17), 18) Sveits 1861 (18), 19) Island 1823 (19), 20) New Zealand 1810 (20).

Neste ranking blir offentleggjort 28. september.

(©NPK)

Caroline Graham Hansen og Noregs kvinnelandslag i fotball er framleis nummer 14 på Fifa-rankinga. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse