Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ein russisk domstol har dømt ein ukrainsk journalist til tolv års straffarbeid for spionasje. Ukrainske myndigheiter fordømmer dommen.
are.foli@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 16:30
Journalisten Roman Susjtsjenko (49), som jobba for det ukrainske nyheitsbyrået Ukrinform i over ti år, vart arrestert av det russiske sikkerheitspolitiet FSB i Moskva i 2016.
Han vart skulda for å jobbe for ukrainsk etterretning og for å ha fått tak i russiske statshemmelegheiter.
Ukrainske styresmakter fordømmer skuldingane mot Susjtsjenko og seier dommen mot han er politisk motivert. Susjtsjenko har heile tida hevda å vere uskuldig, og seier han vil anke dommen.
49-åringen jobba som Ukrinforms korrespondent i Paris då han vart arrestert, og arbeidsgjevaren hans seier han var på ferie i Moskva då han vart arrestert.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.