Under halvparten støttar NRK-streiken

Litt over fire av ti støttar streiken til NRK-journalistane, viser ei undersøking Medier24 har fått utført.

Streiken blant Norsk Journalistlags medlemmer i NRK deler befolkninga i tre. 43 prosent av dei spurde støttar streiken, 27 prosent gjer det ikkje og tre av ti har ikkje gjort seg opp noka meining.

Det viser ei undersøking som InFact har utført på oppdrag frå Medier24.

Konserntillitsvalt for dei NJ-organiserte journalistane i NRK, Richard Aune, er fornøgd:

- Det er openbert fleire som støttar oss enn motsett, seier han.

Aune er tilfreds med at 94 prosent har fått med seg at NRK-journalistane er i streik.

- Det seier mykje om det vi gjer til dagleg og den verdien vi har, seier han.

NRKs juridiske direktør Olav Nuhus meiner spørsmålet i undersøkinga - «NJ streikar i hovudsak for høgare, lønn, betre vilkår for vikarar og kompetanseheving. Støttar du streiken?» - er feil formulert.

- Det betyr at dei som svarar, kan støtte eitt av føremåla, utan at dei nødvendigvis støttar kjerneproblematikken, som er kravet om høgare lønn, meiner Nuhus.

(©NPK)

Konserntillitsvalt for NJ i NRK, Richard Aune, er fornøgd med at fire av ti støttar journaliststreiken og at ni av ti har fått med seg at det er streik i NRK. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse