Unge nordmenn sviktar Facebook

Facebook har mista 208.000 daglege, norske brukarar mellom 15 og 29 år dei siste to åra, anslår Kantar.

På to år har talet på daglege brukarar i aldersgruppa falle frå 83 til 64 prosent, skriv Kampanje.

Kantar Medias marknadsdirektør Ingvar Sandvik reknar med at 908.000 nordmenn mellom 15 og 29 år brukte Facebook dagleg i siste kvartal. Ifølgje Sandvik var talet redusert til 700.000 i same kvartal i 2020.

– Vi såg allereie i åra 2015 og 2016 på nokre underliggjande indikatorar som gav signal om at konsumet og kor viktig Facebook er for denne aldersgruppa, var i endring, seier Sandvik.

Drygt 3,5 millionar nordmenn har ein Facebook-profil, og 67 prosent bruker han dagleg, viser tal frå Ipsos frå førre kvartal.

(©NPK)

Facebook blir brukt sjeldnare av unge nordmenn. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse
Annonse