Klargjør siden...

UNICEF: Kraftig fall i talet på barnebruder i verda

Anslagsvis 12 millionar jenter under 18 år blir gifta bort kvart år, ifølgje UNICEF. Men samtidig er millionar av barn spart takka vere auka innsats.

Ifølgje FNs barnefond UNICEF har ein dei siste ti åra greidd å hindre 25 millionar barneekteskap. Den kraftigaste nedgangen er registrert i India og resten av Sør-Asia, der jenter heilt ned i åtteårsalderen har vorte tvungne til å gifte seg.

- Den noverande trenden inneber at 27 prosent av jentene, nesten 1,5 millionar jenter, blir gift før dei fyller 18 år i India. Dette er eit kraftig fall frå 47 prosent for ti år sidan, opplyste UNICEF tysdag.

Også i Afrika sør for Sahara er det nedgang. Der blir 38 prosent av jentene gifte før dei fyller 18 år mot 43 prosent for ti år sidan. Nedgangen gjeld blant anna Etiopia.

Langt frå målet

Men ein er framleis langt frå å nå målet om å avskaffe praksisen innan 2030. Slik det ser ut no, vil 150 millionar jenter ende som barnebruder innan den tid.

- Når ei jente blir gifta bort som barn, får det konsekvensar for resten av livet. Sjansen for at ho fullfører skulegangen minskar, mens risikoen for å bli mishandla av ektemannen aukar. Risikoen for komplikasjonar under graviditeten aukar også, seier Anjo Malhotra, sjefrådgjevar i UNICEF.

Ifølgje UNICEF vart 650 millionar av kvinnene i verda gifte som barn.

Betre skulegang

Nedgangen i India kjem ifølgje UNICEF av betre utdanningsmoglegheiter for jenter, program for å skape auka medvit om problemet og offentlege tiltak.

- Dette er gledelege nyheiter, men vi har enno ein lang veg å gå, seier Malhotra.

Ifølgje UNICEF har det vore eit tydeleg skifte i kvar praksisen er mest utbreidd, og éin av tre barnebruder held no til i Afrika sør for Sahara. Tidlegare var det éin av fem.

(©NPK)

Ei barnebrud (t.h.) under eit bryllaup i eit hindutempel i den indiske delstaten Madhya Pradesh. Bildet vart tatt i april i fjor. Foto: Prakash Hatvalne / AP / NTB scanpix