Klargjør siden...

Uroa aukar på børsane i USA

Børsane i USA heldt seg stabile då aksjehandelen begynte torsdag. Etter kvart auka uroa, og etter vel to timar hadde viktige indeksar falle til rundt 1 prosent.

Mange var spente på korleis opninga ville bli, etter det kraftige børsfallet dagen før.

Seint på formiddagen i New York låg industriindeksen Dow Jones 1,1 prosent lågare enn sluttnoteringa dagen før.

Den breiare indeksen S & P 500 fall også med 1,2 prosent, mens teknologiindeksen Nasdaq hadde ein nedgang på 0,7 prosent.

Dagen før raste aksjekursa med 3-4 prosent. Nedgangen ramma store teknologiselskap som Amazon, Microsoft og Apple spesielt hardt.

Årsaka er ifølgje analytikarar frykt for at amerikansk økonomi er i ferd med å bli overoppvarma, noko som vil kunna føra til auka inflasjon med etterfølgjande renteaukingar.

Men då det torsdag blei lagt fram tal som viste at inflasjonen i september var lågare enn venta, hadde det ein viss roande verknad på aksjemarknadene.

Turbulensen påverkar også valutamarknaden. Verdien på kinesiske yuan har falle til det lågaste nivået på eitt og eit halvt år. Samtidig blir rentene pressa oppover på fleire hald, spesielt for land med stor gjeld, som til dømes Italia, sidan det blir stilt spørsmål ved tilbakebetalingsevna på lang sikt.

Ifølgje sjeføkonom i svenske SEB, Robert Bergqvist, er børsnedgangen ein naturleg følgje av at konjunkturen har passert toppen. Uroa kjem av frykt for kva som vil skje med den økonomiske veksten framover, meiner han.

- Verda er i ein situasjon der vi har passert veksttoppen, og spørsmålet no er kor mykje han kjem til å bremsa, seier han.

(©NPK)

Aksjehandlar Michael Pistillo under det kraftige aksjefallet på New York-børsen onsdag. Foto: Richard Drew / AP / NTB scanpix