Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det amerikanske finansdepartementet har sett fleire statlege iranske organisasjonar på ei sanksjonsliste og skuldar dei for brot på menneskerettane.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 31.05.2018 kl 08:09
Tiltaket er det nyaste amerikanske forsøket på legge press på det iranske regimet. På lista står blant anna Hizbollah-rørsla og tre av deira leiarar. Målet er å stengje dei ute frå det globale finans- og handelssystemet.
- Hizbollah er ein organisasjon som blir støtta av det iranske regimet og som trakasserer og angrip det iranske folket, heiter det i ei fråsegn frå finansdepartementet. Departementet viste blant anna til eit syreangrep på kvinner som var upassande kledd i Isfahan, og andre valdelege angrep mot studentar som deltok i demonstrasjonar.
Elles på lista har USA ført opp fengselet Teherans Evin, som husar politiske fangar, og to iranske embetsmenn som blant anna har vore involverte i blokkeringa av meldingstenesta WhatsApp, og Hanista Programing Group. Sistnemnde utviklar ifølgje finansdepartementet ei alternativ meldingsteneste som mogleggjer overvaking av innbyggjarane som brukar den.
(©NPK)