Utanrikskomiteen i Russland: - God tone

Utanrikskomiteen på Stortinget opplevde ein god tone under besøket med sine russiske kollegaer i Moskva, seier Anniken Huitfeldt (Ap).

Utanrikskomiteen på Stortinget opplevde ein god tone under besøket med sine russiske kollegaer i Moskva, seier Anniken Huitfeldt (Ap).

- Eg er alltid spent på korleis tonen er på desse møta. Men denne gong var det ein god tone, veldig open og direkte, seier Huitfeldt, som er leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, til NTB like etter at ho var tilbake på norsk jord fredag ettermiddag.

Det er første gong sidan 2011 at ein delegasjon frå komiteen besøkjer Russland.

I Moskva torsdag møtte dei norske politikarane utanrikskomiteen i Føderasjonsrådet, viseutanriksminister i det russiske utanriksdepartementet Aleksander Grusjko, og menneskerettsorganisasjonane Memorial og Human Rights Watch.

Både tema som styrkt samarbeid i nord, atomnedrustning, Nord-Korea, og konflikten om Krimhalvøya var tema som låg på bordet.

- Det er viktig å ha dialog og politiske samtaler både om det vi er samde og ueinige om, seier Huitfeldt.

Situasjonen til spiontiltalte Frode Berg, som sit fengsla i Moskva, blei derimot ikkje tatt opp.

- Det er naturleg at det er utanriksdepartementet som handterer den saka, seier Huitfeldt.

Då utanrikskomiteen ønskte å besøkje Russland vinteren 2017, blei to av medlemmene i komiteen, Trine Skei Grande (V) og Bård Vegar Solhjell (SV), nekta visum. Saka enda med at besøket blei avlyst.

(©NPK)

Det er viktig å ha dialog, seier Anniken Huitfeldt om besøket til utanrikskomiteen i Russland.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Annonse