Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Stortingets utanriks- og forsvarskomité reiser denne veka til Russland, for første gong sidan 2011. I fjor blei to av medlemmene i komiteen nekta visum.
trine.andersen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 17:06
Då ein delegasjon frå utanrikskomiteen ville besøkje Russland vinteren 2017, blei to av medlemmene i komiteen nekta visum. Det gjaldt Bård Vegar Solhjell i SV og Venstre-leiar Trine Skei Grande. Enden på visa blei at heile komiteen avlyste besøket.
Denne gongen har det ikkje blitt noko visumtrøbbel for utanrikskomiteen, får NTB opplyst.
Besøket skjer torsdag og fredag denne veka, med eit pressemøte på den norske ambassaden torsdag ettermiddag.
Komiteen, som er leia av Anniken Huitfeldt (Ap), besøkjer Moskva for å ha samtalar med leiar av utanrikskomiteen i Føderasjonsrådet, Konstantin Kosatsjev. Han besøkte Oslo i juni 2016 og møtte saman med ein delegasjon utanriks- og forsvarskomiteen.
Besøket til Moskva er eit gjenbesøk og ei vidareføring av den parlamentariske dialogen. I tillegg blir det lagt opp til møte med viseutanriksminister Aleksander Grusjko, og representantar for det russiske sivile samfunnet.
Tema for samtalane vil vere bilaterale spørsmål, medrekna samarbeid i nordområda, og aktuelle internasjonale spørsmål, blant anna utviklinga i Ukraina og Midtausten, sikkerheitspolitikk og demokratiutvikling.
Forholdet mellom Russland og Noreg er på fleire område anstrengt. Konflikten i Ukraina, Russlands støtte til Assad-regimet i krigen i Syria og skuldingar om innblanding i amerikanske val har skapt eit spent forhold mellom Russland og Vesten generelt. I tillegg har fengslinga av den spionsikta nordmannen Frode Berg i Russland skapt diplomatisk krøll mellom Noreg og Russland.
Samtidig har det norsk-russiske samarbeidet på område som fisk, miljø og søk- og redning i nord rulla vidare.
(©NPK)
Arbeidarpartiets Anniken Huitfeldt, som leiar utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, besøkjer Russland denne veka. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix