Utskjelte Lindelöf vart pappa
Victor Nilsson Lindelöf har fått mykje pepar for å seie nei til landslagsspel for Sverige mot Romania og Noreg. Måndag vart han far til ein son.
Livet ropte, skreiv Manchester United-spelaren Lindelöf.
Beskjeden kom rett før Sverige hadde pressekonferansen sin i Oslo måndag ettermiddag.
Lindelöf melde forfall til Sveriges to EM-kvalifiseringskampar av personlege årsaker.
Mange har sådd tvil om det berre var fødselen som var årsaka til at han valde å seie nei til landslagsspel.
Landslagstrenar Janne Andersson trur ikkje at Lindelöf sluttar seg til troppen i forkant av møtet med Noreg tysdag.
- Det har ikkje vorte vurdert. Det kjennest kunstig om vi skulle fly han inn. Kanskje skal vi vurdere det om han melder seg spelesugen, men i utgangspunktet lèt vi den nye familien i fred, sa Andersson.
(©NPK)
Landslagstrenar Janne Andersson under pressekonferansen med det svenske landslaget måndag kveld før kampen mot Noreg tysdag. Foto: Berit Roald / NTB scanpix.