Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Robert Johansson (28) slapp med skrekken då han fall på 126 meter under trening i polske Wisla tysdag.
anders.mollersen@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 17.07.2018 kl 17:25
- Han er heldigvis ikkje skadd, berre skrubbsår på olbogen, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NTB.
Dei norske hopparane er i Polen der plasthopping står på programmet til helga.
- Klipsen datt ut. Det var ikkje Roberts feil, men rett og slett utstyrsfeil, fortel Stöckl.
I hoppveka for nokre år sidan rota Daniel-André Tande vekk sjansen til å vinne samanlagt da han gløymde å feste klipsen i bindingen. Den gongen var det menneskeleg feil.
For Johanssons del var det snakk om rein utstyrsfeil.
- Robert hoppar igjen i morgon, forsikrar Stöckl før Sommer Grand Prix-rennet i helga.
Søre Ål-hopparen blei ein stor hit sist vinter med to bronsemedaljar i Pyeongchang-OL. Mannen med den karismatiske barten var også ein sentral del av det norske laget som tok OL-gull i lag.
Johansson var også med da Noreg nokre veker tidlegare vann lagkonkurransen under VM i skiflyging i Oberstdorf.
(©NPK)
Robert Johansson fall under trening i Wisla tysdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.