Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Noregs deltaking i Libya hadde eit tilstrekkeleg folkerettsleg grunnlag, fordi operasjonen vart vurdert som nødvendig for å beskytte sivile, ifølgje utval.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 13.09.2018 kl 10:27
Utvalet har granska Noregs krigsdeltaking i Libya, der norske kampfly i 2011 var med på å bombe opprørarar til makta i Tripoli.
Norske styresmakter var klar over at regimeendring var ein mogleg konsekvens av den militære operasjonen.
- Utvalet meiner det var openbert at andre allierte hadde regimeendring som mål, og at norske styresmakter kjente til dette, heiter det.
Dette vart likevel lite problematisert frå norsk side, ifølgje utvalet, som meiner mangelen på skriftlege kjelder har gjort det vanskeleg å vurdere dette.
Utvalet foreslår at Grunnlova bør gi klarare uttrykk for kva internasjonale operasjonar norske styrkar bør brukast i, og når og korleis Stortinget skal involverast.