Klargjør siden...

UV-rekord i mai - varsel om framleis svært høg stråling

Det har aldri før blitt målt så mykje UV-stråling for mai månad som i år. Måndag og tysdag er det meldt om framleis sterk stråling. 

Det er ikkje hol i ozonlaget, men mykje sol som har sørgd for at det no er høg førekomst av UV-strålar, ifølgje NRK.

- Det har aldri før blitt målt så mykje UV-stråling for mai månad. Dette gjeld for heile Sør-Noreg og opp til Trøndelag, seier Lill Tove Nilsen, forskar på UV-stråling, ved Statens strålevern.

Sola skin vidare, og dermed held også strålinga fram. Varselet på Yr.no er sterk eller svært høg stråling i det meste av Sør-Noreg. Onsdag betrer det seg noko, men det er likevel all grunn til å smørje eller dekke seg til. Ein siesta i skuggen midt på dagen kan også gjere susen, særleg for barna.

- Små barn har tynn hud og dermed eit stort behov for å beskytte huda skikkeleg, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad ved barneavdelinga på Haukeland universitetssjukehus til kanalen.

Han seier situasjonen blir opplevd som ekstrem. Barn som blir utsett for sterkt sollys kan få solskadar på lang sikt.

- Mykje tyder på at både total eksponering for kraftig sollys og mange solskadar fører til hudkreft, seier han.

(©NPK)

Særleg barn må bli passa seg godt for sola. Men også vaksne bør smørje seg for å unngå å bli solbrent i den sterke sola. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse
Annonse