Klargjør siden...
Annonse

Uvand øving for Warholm i Bergen

Jakob Ingebrigtsen (17) og Karsten Warholm (22) er to av dei norske stjernene på startstreken under Trond Mohn-leikane i Bergen onsdag.

Jakob Ingebrigtsen (17) og Karsten Warholm (22) er to av dei norske stjernene på startstreken under Trond Mohn-leikane i Bergen onsdag.

Nesten alle av dei beste friidrettsutøvarane i Noreg har meldt at dei kjem.

Jakob Ingebrigtsen skulle ha sprunge 3.000 meter, men spring i staden 1.500 meter. Bror Henrik går inn på 3.000 meteren, der Marius Bakken har den norske rekorden på 7.40,77.

Den yngste av løparbrørne frå Sandnes tok NM-gull på 1.500 meter i Byrkjelo, akkurat som han òg vann EM-gull på distansen i Berlin. I Bergen får løparane motstand av svenskane Kalle Berglund og Johan Rogstedt. Den fjerde norske EM-deltakaren på 1.500 meter, Ferdinand Kvan Edman, er òg med.

Karsten Warholm spring 300 meter i Bergen. Warholm tok to NM-gull i Byrkjelo i helga, og han innkasserte òg sin fjerde kongepokal. Den norske bestenoteringa på 300 meter er på 32,82 og er 19 år gammal, opplyser Norges Fri-idrettsforbund.

Broderduell

Filip er framleis plaga av ein ribbeinsbrest, men det var ikkje verre enn at han sprang og tok sølv på 800 meter i Byrkjelo i helga. I Bergen får Filip Ingebrigtsen ein ny sjanse på 800 meter.

Sondre Guttormsen (stav) og Ola Isene (diskos) kom begge til EM-finalane i Berlin og får nye sjansar til å vise seg fram onsdag.

Sterke kvinner

På spinnesida er Hedda Hynne, Sigrid Borge og Ezinne Okparaebo blant dei beste norske som stiller opp. Karoline Bjerkeli Grøvdal tok bronse på 3.000 meter hinder i EM, og ho skulle ha sprunge 3.000 meter flatt i Bergen, men etterdønningane etter ei forkjøling gjer at det ikkje blir nokon start på tjueåtteåringen frå Romsdal. Ho var heller ikkje med i NM i helga.

Isabelle Pedersen skulle òg ha sprunge 100 meter hekk på heimebane, men slik blir det ikkje.

- Isabelle har vorte sjuk og måtte dessverre melde forfall, seier stemnegeneral Kjell Magne Ebbesvik til Bergensavisen.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen vann 1.500-meteren under NM i Byrkjelo laurdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.

Annonse
Annonse
Annonse