Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Lakseprisen gjekk frå rekordnivå til å falle med 20 kroner på to veker. - Eg har aldri vore med på det før, seier lakseeksportør Robert Johansen.
lone.martinsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 07:15
Lakseprisen har dei siste to vekene falle med 20 kroner kiloen - Frå 75-80 kroner i slutten av mai til 55-60 kroner dei første dagane i juni, skriv Dagens Næringsliv.
I mai sette næringa rekordar både i høgste laksepris og i sal til EU-området på éin månad.
- Det er enorme svingingar frå veke til veke. Eg har aldri vore med på det før at prisen fell så mykje så fort, seier administrerande direktør Robert Johansen i lakseeksportøren Polar Quality i Bodø.
Etter mange heilagdagar og få slaktedagar i mai har slaktinga auka dei to siste vekene. Lakseoppdrettarane sende meir laks ut i marknaden, og dermed stupte prisane, ifølgje sjømatnettstaden IntraFish, som først melde om prisfallet.
- Det er ingenting som har så dårleg tid som fersk laks, den må seljast. Når det kjem litt ekstra fisk ut i marknaden, går prisane ned, seier analytikar Alexander Aukner i DNB Markets.
Ved utgangen av mai var det selt 25.000 tonn meir laks enn på same tid i fjor, til ein gjennomsnittspris på om lag 65 kroner per kilo hittil i år.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix