Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
No kjem den første hauststormen for året. Det betyr kraftige vindkast, nedbør og lågare temperaturar over store delar av landet.
trine.andersen@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 19.09.2018 kl 15:52
På Vestlandet blir det sterk storm med vindkast rett under orkanstyrke på 25 til 35 meter per sekund alt onsdag kveld. Dei kraftigaste vindkasta går hardast utover kysten og fjellet i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
- Vestlendingane bør ta forholdsreglar og feste store gjenstandar som kan blåse av garde, seier Magni Svanevik, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.
Samtidig må ein vere budd på at transporttilboda kan bli innstilte mens uvêret står på som verst.
Beveger seg nordover
Gjennom natta beveger lågtrykket seg nordover til Trøndelag og Møre og Romsdal.
- Det blir dessverre inga super helg i Midt-Noreg.
Her vil det regne jamt gjennom heile helga. Vindkasta spaknar litt fredag, men tar seg opp igjen alt laurdag. Da blir det sterk kuling frå vest, spesielt i dei ytre strøka.
Etter kvart er det dei nordlege fylka som får kjenne vinden piske. Når lågtrykket kjem nordover på fredag, vil temperaturane falle til rundt 7 til 8 grader. Det kan også komme snø i høgfjellet.
Best aust for fjellet
Den første hauststormen i år røskar samtidig ordentleg tak i dei andre delane av landet.
I samband med lågtrykket blåser det også opp til sterk kuling frå kysten av Sørlandet og inn mot svenskegrensa onsdag kveld. Det blir samtidig kraftig vind frå kyststrøka av Telemark til Oslofjorden.
- Eg vil ikkje anbefale å dra ut i småbåt i dette området.
Likevel er Austlandet vêrvinnaren den kommande veka, meiner Svanevik.
Torsdag blir det nemleg sol og temperaturar på 15 grader eller høgare. Men lykka blir kortvarig. Natt til fredag kjem det inn eit nytt lågtrykk. Over ein periode på 12 timar vil det komme mellom 40 og 55 millimeter nedbør på Austlandet.
(©NPK)
På Vestlandet blir det sterk storm med vindkast rett under orkanstyrke på 25 til 35 meter per sekund alt onsdag kveld. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.