Vaksinedosar kan bli kasta – immunolog vil gi dei til eldre

Fleire kommunar risikerer å måtte kaste vaksinedosar som går ut på dato. Immunolog Anne Spurkland meiner desse bør bli gitt til friske 80-åringar.

FHI har anslått at rundt 80.000 vaksinedosar kan gå ut på dato og må kastast i norske kommunar.

– Då er det veldig freistande å tenkje at dei burde brukast som booster. Det verkar jo heilt meiningslaust å ikkje få nytta seg av dei, seier Spurkland, som er professor i medisin ved Universitetet i Oslo, til VG.

Folkehelseinstituttet har avvist å bruke dosane som går ut på dato som tredjedose. Spurkland peikar på at mellom anna Israel og USA har tilrådd tredje dose, noko òg FHI har sagt kan bli aktuelt for eldre innan seks månader.

– Slik det bevegar seg framover, så bestemmer ein seg sannsynlegvis for å gi boosterdose for folk 65 pluss òg her etter kvart. Då skjønner eg ikkje kvifor FHI er så tilbakehaldne med eldre og vaksinar som går i vasken, seier ho.

FHI-overlege Preben Aavitsland forklarer valet med at dei ikkje har nok kunnskap om verken nytta av dosen eller biverknader.

(©NPK)

Immunolog Anne Spurkland vil gi dei over 80 ein ekstra vaksinedose. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse