Klargjør siden...
Annonse

Vålerenga-fansen i pyro-krangel med fotballforbundet

Klanen, Vålerengas trufaste fanskare, går ut mot NFFs handtering av pyroteknisk på norske fotballbaner.

- Vi er mange i den utvida fotballfamilien som føler ein frustrasjon overfor NFF, skriv talsmannen for Klanen, Erling Rostvåg, til VG.

Vålerenga risikerer å bli bøtelagt av Norges Fotballforbund etter bruk av pyroteknisk materiale under derbyet mot Lillestrøm.

Det vart fyrt av fleire bluss i forkant av kampen i Oslo laurdag kveld. Det vart også fyrt av bluss under kampen. Det var ikkje blitt søkt om bruk av pyroteknisk materiale, og dermed blir det truleg bøter.

Ifølgje fotballforbundet har klubbane fått moglegheit til å forklare seg, og når det er gjort vil påtalenemnda vurdere om det blir sak.

Ifølgje Rostvåg er Klanen oppgitt over NFFs innstramming av reglementet som vart sett i verk før seriestart.

Klubbane må framleis søke om å få bruke pyroteknisk, men sjølv om det blir gitt løyve, må det skje på eit bestemt område på tribunen. Rostvåg er også frustrert over at klubbane ikkje vart tatt med på ein dialog før den nye praksisen vart innført.

- Vi tok det opp på sikkerheitsseminaret, der dei var til stades, seier konkurransedirektøren i NFF, Nils Fisketjønn til avisa.

- Vi har gitt løyve for at klubbar kan søke, allereie der har vi strekt oss langt. Vi har fått kritikk av Uefa for det. Hos Uefa er det nulltoleranse for bruk av pyro, seier Fisketjønn.

(©NPK)

Supporterane røykla stadion før bortekampen mot Vålerenga laurdag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix