Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Valet på ny afghansk nasjonalforsamling er utsett med éi veke i Kandahar-provinsen som følgje av drapet på ein av dei viktigaste sikkerheitstoppane i landet.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 19.10.2018 kl 12:10
Valkommisjonen i landet opplyste fredag at valet er utsett for å gi rom for gravferder og sorg etter at Kandahars politisjef Abdul Raziq og to afghanske politifolk vart skotne og drepne torsdag.
Rafiq vart skoten i ryggen idet han skulle forlate eit møte med den amerikanske Nato-toppen Scott Miller. Også etterretningssjefen i byen og to politimenn vart drepne då ein afghansk vakt vende våpenet sitt mot møtedeltakarane. Miller, som er øvste leiar for Natos styrkar i Afghanistan, kom uskadd frå angrepet, men tre andre amerikanarar vart såra. Dei er ifølgje Nato evakuerte for å få medisinsk behandling.
Tilstanden til Kandahars guvernør Zalmay Wesa er framleis uavklart. Det er blitt meldt at han er innlagt på sjukehus med kritiske skadar. Like etter angrepet hevda ein parlamentarikar at han var drepen, men tenestemenn i Kabul held fast på at han overlevde.
Raziq skal gravleggjast i Kandahar fredag. Han vart rekna som ein av dei viktigaste sikkerheitstoppane i landet og Taliban-motstandarar. Taliban har påtatt seg ansvaret for angrepet, som ifølgje gruppa var retta mot Abdul Raziq og Scott Miller.
(©NPK)
Kandahars politisjef Abdul Raziq har tidlegare blitt utsett for om lag 20 drapsforsøk. Torsdag vart han drepen av ein vakt rett etter eit møte med den amerikanske generalen og Nato-toppen Scott Miller. Foto: Massoud Hossaini / AP / NTB scanpix