Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Alejandro Valverde spurta inn til siger i den andre etappen av sykkelrittet Volta a Catalunya tysdag.
ole.henrik.tveten@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 20.03.2018 kl 19:00
Den 37 år gamle Movistar-ryttaren var sterkast i beina i spurtoppgjeret i byen Valls. Dermed tok spanjolen sigeren i den andre etappen av Volta a Catalunya, og totalt sin åttande etappesiger i rittet.
Daryl Impe (Mitchelton-Scott) og Jay McCarthy (Bora) blei høvesvis nummer to og tre.
Sigeren betyr også at Valverde overtok leiartrøya i rittet. Alvaro José Hodeg (Quick-Step) som vann opningsetappen måtte kapitulere med 14 kilometer igjen, og fekk dermed behalde leiartrøya i berre éin dag.
Etappen tysdag var på 175,6 kilometer og blei køyrt frå Mataro til Valls. Løpet består av sju etappar og blir avslutta søndag i Barcelona.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.