Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Arbeidarpartiet bør støtte regulert sal av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håvar inn millionar, seier Oslos varaordførar Kamzy Gunaratnam (Ap).
lone.martinsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 22.06.2018 kl 07:50
- Vi må fjerne det økonomiske grunnlaget for organisert kriminalitet. I dag gir vi dei ein marknad dei kan bruke til å byggje seg opp, seier Gunaratnam til Klassekampen.
Varaordføraren ser i første omgang for seg ei prøveordning og meiner vi bør lære av andre land som har prøvd og lykkast med statleg sal.
Allereie i 2008 anslo SSB at cannabissal åleine stod for 400 millionar kroner på landsbasis. Vekst i gjengkriminalitet og grov gjengvald i Oslo har blåst nytt liv i debatten om statleg sal av cannabis.
Oslo Ap behandla for første gong eit forslag om statleg sal av cannabis på årsmøtet i mars 2018. To tredeler av delegatane stemte nei. Gunaratnam meiner utviklinga i Oslo viser at det trengst ein ny debatt om spørsmålet
- Eg stemte for legalisering, men vårt formelle standpunkt er at vi er imot. Det er eg lojal til, men det er grunnleggjande for sosialdemokratisk tenking at når du får ny kunnskap, må ein endre politikken, seier Gunaratnam.
(©NPK)
Vi må fjerne det økonomiske grunnlaget for organisert kriminalitet ved å prøve ut statleg sal av cannabis, meiner Oslos varaordførar Khamshajiny «Kamzy» Gunaratnam. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.