Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
To hus i eit bustadområde på Jørpeland i Ryfylke blir evakuerte fordi politiet fryktar dei kan bli tatt av vassmassane.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 26.09.2018 kl 08:13
Politiet varsla om evakueringa og den akutte faren like før klokka 8 onsdag. Mykje nedbør i området har ført til at grus og vatn har komme inn i hus.
Ved 7.30-tida varsla det lokale brannvesenet Sivilforsvaret på grunn av alt vatnet i området.
- Førebels er to hus i Ekornveien evakuerte. Det er reell fare for at husa kan bli øydelagde eller tatt av vassmassane. Gravemaskiner er komne til staden og prøver å leie vatnet bort, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.
(©NPK)