Klargjør siden...

VG-måling: Ap størst - vippen glepper for KrF

Ap er det einaste partiet som flyttar meir på seg enn feilmarginen i ei ny VG-måling. KrF fell under sperregrensa og mistar vippeposisjonen.

På partibarometeret, som Respons Analyse har utført for VG, går Arbeidarpartiet fram 3,9 prosentpoeng til 25,9 prosent. Partiet tar dermed over førsteplassen, marginalt før Høgre, som går tilbake 0,8 til 25,6. Rett nok er både Høgre-fallet og avstanden mellom dei to partia godt innanfor feilmarginane på 2-3 prosentpoeng, så det er for tett til å kunne kåre Ap til det største partiet i landet.

Kan ikkje vippe

- All lærdom tilseier at når det handlar om politikk, så har Ap eit sterkt utgangspunkt. Når det handlar om intern strid, så har vi eit svakt utgangspunkt. No har vi gått fram på alle målingane i august. Det er positivt, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre om målinga, som viser at mange av dei tidlegare Ap-veljarane kjem tilbake etter å ha sete på gjerdet.

KrF fell skarve 0,2 prosentpoeng til ei oppslutning på 3,9 prosent, men det er nok til å gå frå å liggje over sperregrensa til å hamne rett under. Den vesle forskjellen blir stor når mandata skal reknast ut, og KrF hadde fått tre plassar på tinget om denne målinga var valresultatet.

Den raudgrøne blokka får 85 mandat, mot 81 til dei blågrøne. Dermed kan ikkje KrF vippe makta frå den eine sida til den andre.

Små endringar

Blant dei raudgrøne går SV fram med minimale 0,1 til 7,7 prosent: Senterpartiet fell 0,7 til 10,3 prosent, mens Raudt går ned like mykje og endar på 4,1 prosent. Miljøpartiet Dei Grøne går òg ned 0,7 prosentpoeng til ei oppslutning på 2,2 prosent.

Frp går ned eit halvt prosentpoeng til 14,6 prosent, mens Venstre kan gle seg over ein oppgang på halvannan prosent, nok til å plassere partiet over sperregrensa med 5,2 prosents oppslutning.

(©NPK)

Jonas Gahr Støre (t.h.) kan smile for framgang på målinga til VG, mens Knut Arild Hareide og KrF ville mista vippeposisjonen. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse
Annonse