Vi importerer meir jordbær enn vi produserer sjølv

Over halvparten av jordbæra på den norske marknaden er ikkje norske. I fjor produserte bøndene her i landet 48 prosent av jordbæra.

Friske jordbær er blitt ei heilårsnyting for oss nordmenn, men for norske jordbærbønder varer sesongen normalt berre frå tidlegast juni til i beste fall rundt september, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Vinteren og våren er det først og fremst import som stiller jordbærhungeren vår - i den grad at omfanget av importerte bær dei siste fem åra så vidt har overstige den norske produksjonen.

- Jordbær er den klart viktigaste bærveksten i Noreg, og dei utgjer om lag 70 prosent av alle bær som blir dyrka her til lands, seier seniorrådgjevar Berit Bjørlo i SSB.

Tala tyder på at vi gjerne betaler meir for dei norskdyrka jordbæra enn dei vi hentar frå utlandet.

48 prosent

I 2017 vart det produsert 8.500 tonn jordbær på norske gardsbruk, noko som gav bøndene ei samla inntekt på 432 millionar kroner. Same år vart det importert 9.650 tonn friske jordbær til ein verdi av 427 millionar kroner.

Dermed var «sjølvforsyningsgraden» 48 prosent.

Den norske jordbærproduksjonen er avhengig av rett forhold mellom sol og regn, og er sterkt sårbar for skadedyr og soppsjukdommar, noko som vart tydeleg i 2016, då gråskimmelsopp øydela store delar av jordbæravlingane i Agder-fylka og Rogaland.

Tre land viktigast

I tillegg til friske jordbær importerer vi frosne jordbær eller bær som er konservert på annan måte. I fjor utgjorde dette 5.600 tonn til ein verdi av 93 millionar kroner.

I 2017 vart det importert friske jordbær frå 20 land, men tre land dominerte med til saman 92 prosent av kvantumet. Desse var Nederland, Belgia og Spania, som stod for høvesvis 45, 25 og 22 prosent av den norske jordbærimporten.

Mesteparten av bæra endar hos forbrukarane, enten ved direkte sal eller via daglegvarebutikkar eller annan detaljhandel. Ein del jordbær blir også levert til industrien.

(©NPK)

Tala tyder på at nordmenn føretrekkjer norske jordbær, men for året som heilskap, importerer vi meir bær enn vi produserer sjølv. Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix

Annonse