Klargjør siden...

Vi reiste mykje meir i Noreg i fjor

Nordmenn gjennomførte 15 millionar innanlandsreiser i 2017, noko som er 9 prosent fleire enn i 2016. Samtidig auka talet på utanlandsreiser med 2 prosent.

Totalt gjennomførte vi 23 millionar reiser i 2017, ein auke på 6 prosent frå året før. Det viser tal frå reiselivsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Nordmenn hadde 115 millionar overnattingar på reise i 2017. Det er 5 prosent meir enn året før. Talet på overnattingar i utlandet og Noreg gjekk opp med høvesvis 7 og 1 prosent.

Nordmenn brukte 180 milliardar kroner på reisene i 2017, ein auke på 12 prosent. Forbruket på reiser i Noreg og utlandet gjekk opp med høvesvis 15 og 11 prosent.

Spania var det landet flest reiste til - med 2,65 millionar reiser i 2017. Så følgde Sverige med 2,59 millionar reiser og Danmark med 1,57 millionar reiser.

SSB har også lagt fram satellittrekneskap for turisme for 2016. Utanlandske turistar brukte då 50 milliardar kroner i Noreg og bidrog til eit godt år for reiselivet.

(©NPK)

Totalt gjennomførte vi 23 millionar reiser i 2017, ein auke på 6 prosent. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix