Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Sivert Høyem song på Gaustatoppen i 2016, mens 7.000 trakka seg til topps i fakkellys for å høyra Susanne Sundfør i fjor. I august er det duka på ny - og då er planen å laga konsertfilm.
gitte.johannessen@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 16.05.2018 kl 16:52
Produksjonsselskapet Fenomen tv film og scene ser ifølgje Telemarksavisa også for seg å strøyma konserten live, og laga ein konsertfilm i tillegg til musikkvideo frå konserten siste helga i august i år.
Kven som er Årets artist er førebels hemmeleg. Ifølgje lokalavisa dreier det seg etter det som blir sagt om «Norges ledende popband, som blant annet har en stor tilhengerskare i Australia og Japan», og som slepper det tredje albumet sitt i samband med konserten.
- Det blir ein stor og dyr produksjon, seier prosjektleiar Knut Inge Solbu til TA. Han trur fjellet og lysproduksjonen vil gje «et spektakulært bakteppe for konserten».
Til saman vil prosjekta koste 4,2 millionar kroner, og det er snakk om det Solbu kallar eit spleiselag der finansieringa må vera i boks innan mai er over.
Lysvandringa til Gaustatoppen går føre seg for å retta merksemda mot FNs berekraftsmål, og Norad er partnar for arrangementet.
(©NPK)
Gaustatoppen kan bli bakteppet for ein konsertfilm. Foto: Norad / Facebook