Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Arrangørane av sykkel-VM i Bergen har gjeld til kreditorane på meir enn 108 millionar kroner, melder TV 2.
espen.hartvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 16.05.2018 kl 12:10
Sist oppdatert: 16.05.2018 kl 12:47
Den gigantiske gjelda er ifølgje kanalen eit resultat av i alt 107 ulike krav.
Onsdag møtte arrangørane av verdsmeisterskapen til ei første skiftesamling i Bergen tingrett etter konkursen i mars. Der vart det lagt fram ein førebels rapport som skal dokumentere gjelda som ligg føre.
Bustyrar Arne Laastad understreka samtidig at den reelle gjelda er lågare enn summen som kom fram onsdag.
- Bustyrar presiserer at denne oppstillinga er basert på krav melde til politiet. Det vil på eit seinare tidspunkt bli gjennomført fordringsprøving, og det ligg utvilsamt føre feil som må korrigerast, står det i hans rapport ifølgje TV 2.
Laastad opplyste at konkursbuet skal ta stilling til kva som er relevant.
Kreditoren med det største kravet er Norges Cykleforbund med over 21 millionar kroner.
Det er usikkert når bubehandlinga kan forventast å vere avslutta.
(©NPK)
VM-arrangørane i Bergen slit. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix