Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Lewis Hamilton og Fernando Alonso meiner at VM-runden i formel 1 i Monaco i helga var den kjedelegaste nokon gong.
stian.johnsen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 13:56
Daniel Ricciardo vann frå beste startposisjon trass i at motorkrafta i Red Bull-bilen var redusert med 25 prosent.
Bak han skjedde det svært lite på den tronge banen i fyrstedømmet.
Det var ikkje behov for nokon sikkerheitsbil for første gong sidan 2009.
- Dette blei ekstremt kjedeleg, kanskje det kjedelegaste løpet som er blitt køyrt. Ingen sikkerheitsbil, ikkje noko gult flagg. Eg trur at sporten må tenkje litt meir på å lage show, for dette blei skuffande greier. Vi er nøydd til å gi noko til fansen slik at dei i det minste får litt igjen for pengane. Dette er Monaco, og det er slik det er. Vi startar i den rekkefølgja vi kvalifisert inn til, og slik ender det i mål også, sa Fernando Alonso.
Alonso har tidlegare vunne to gonger i Monaco.
Finnen Kimi Räikkönen var like frisk i utsegna som Alonso og VM-leiar Lewis Hamilton.
- Kvalifiseringa avgjer alt her. Det skjer ikkje mykje. Alle køyrer i ei rekke etter kvarandre, og føraren i tet dikterer farten, sa Räikkönen.
- Det vil sjokkere meg om nokon heime i TV-stolen klarte å halde seg vakne. Dette var ikkje køyring slik det skal vere. Ingen angrep, berre rein defilering, sa Lewis Hamilton.
(©NPK)
Fernando Alonso i McLaren var ikkje nøgd med VM-runden i Monaco i helga. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix.