Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Karsten Warholm gjer eit testløp på 400 meter under friidrettsstemnet på Bislett stadion onsdag.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 09.07.2018 kl 17:47
Det opplyser Norges Friidrettsforbund i ei pressemelding. Det er Oslo friidrettskrets som arrangerer stemnet.
Deltakinga er ein del av oppkøyringa til Warholm til EM i Berlin i august.
På 400 meter flatt har hekkeløparen 44,87 som bestenotering. Det er norsk rekord, og han sette den tida i Florø i fjor sommar.
Warholm har i år vist solide takter på 400 meter hekk. Verdsmeisteren har sprunge under 48 sekund tre gonger, men 22-åringen har ikkje klart å slå Abderrahman Samba i Diamond League. I førre veke tok Qatar-stjerna den sjette strake DL-sigeren sin.
Warholm er storfavoritt på 400 meter hekk i Berlin-EM.
Amalie Iuel skal springa 400 meter for kvinner på Bislett onsdag.
(©NPK)
Karsten Warholm skal testa forma på 400 meter under Bislett-stemnet onsdag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix