Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Karsten Warholm (22) synest det er vanskeleg å spekulere i kor fort han kunne ha sprunge i Roma utan den vesle missen over den siste hekken.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 18:57
Warholm sette personleg rekord med fire tidelar då han sprang inn til 2.-plass på 47,82 i Roma sist torsdag. Heilt på tampen vart verdsmeisteren frå i fjor passert av årets stjerneskot, Abderrahman Samba.
Berre Samba har sprunge fortare enn Warholm denne sesongen. Samba var 34 hundredelar raskare enn sunnmøringen.
Det var mange som fraus på ryggen av utandørsdebuten til Warholm og møtet med den jamaldra frå Qatar.
- Det er slik eg vil at det skal vere. Det er då det er gøy, når det går så fort at konkurransen blir ein «høgdare». Av og til når eg ser Diamond League sjølv, så svitsjar eg kanal, men når det er slike fightar som dette, det er då vi begynner å snakke. Det er då du lærer, og det er då du blir så motivert at du skjønnar at du må flytte grenser, sa 22-åringen frå Ulsteinvik til NTB under pressemøtet på Hotel Opera i Bjørvika i Oslo måndag ettermiddag.
- Er det mogleg å ta Samba?
- Det får vi sjå. Eg gjorde nokre feil inn mot den siste hekken som det er mogleg å endre på. Spørsmålet er om det er mogleg å endre på rekkjefølgja uansett, for han var enormt sterk mot slutten. Det var overraskande sterkt, og eg får sjå om eg klarer å halde unna neste gong. Eg hadde løpet inne ganske lenge, men så glapp det då han kom med den sterke avsluttinga. Det er der eg må jobbe.
- Snubla du på oppløpet fordi du vart stiv, eller vart du stiv fordi du snubla?
- Eg snubla fordi eg bomma på hekken. Det vart urytmisk. Eg trefte ikkje hekken heilt bra. Løpet var bra utanom det, og det blir latterleg å bruke det som unnskyldning.
- Kva betyr det at du sprang så fort allereie i første forsøk i år? Kva gjer slikt med sjølvtilliten?
- Det betyr at treninga har gått bra, og det er gledeleg. Eg hadde ikkje sett for meg at det skulle gå så fort og at eg skulle dunke til frå første meter.
Warholm har hatt nokre knallsterke fartsøkter i vår. Han har heilt klart blitt raskare.
- Rykta seier at du spring fortare enn det Geir Moen klarte over 150 meter i glansdagane? Stemmer det?
- Eg har ikkje slått persen til Geir på 150 meter, men eg har løfta nivået slik at eg kunne ha vore med og leikt litt på hans tider. Men persen hans på 150 meter er framleis for god for meg.
- Kva gjer du no for å optimalisere inn mot torsdag?
- No gjer eg eigentleg veldig lite. Eg trenar litt, men det er berre for å pigge opp. No handlar det om å samle overskot. Ganske enkelt.
(©NPK)
Karsten Warholm under pressekonferansen i Oslo måndag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.