Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
På ei veke har tidlegare Washington Post-journalist Bob Woodward selt 1,1 millionar eksemplar av boka om USAs president, «Fear: Trump in the White House».
nina.holand@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 19.09.2018 kl 08:04
Allereie på utgjevingsdagen 11. september vart det selt 900.000 eksemplar, inkludert trykte bøker, lydbøker og digitale versjonar, ifølgje forlaget Simon & Schuster.
- Det er berre eitt ord som kan beskrive salet av Fear - og det ordet er «enormt», seier Jonathan Karp i Simon & Schuster.
- Det som er spesielt tilfredsstillande er at lesarane og kritikarane verdset integriteten og kor viktig arbeidet til Bob Woodward er, legg han til.
Woodwards nye bok beskriv president Donald Trumps første 18 månader i Det kvite hus og er basert på intervju med fleire anonyme kjelder som skal jobbe tett på presidenten. I boka blir blant anna forsvarsminister Jim Mattis sitert på at «Donald Trump har kunnskap som eit barn», etter at Trump spurde om korleis USA var til stades på Koreahalvøya, mens stabssjef John Kelly skal ha sagt at presidenten «har gått av hengslene og er ein idiot». Begge nektar for at dei har sagt noko slikt.
Trump sjølv har ved fleire høve komme med krass kritikk mot boka og kallar den «oppspinn» og «ein vits».
«Fear: Trump in the White House» er ei av mange bøker som kjem med påstandar om korleis presidenten oppfører seg og apparatet rundt han. 2. oktober lanserer pornoskodespelar Stormy Daniels sin sjølvbiografi der ho går i detaljar om sitt påståtte seksuelle forhold til Trump.
(©NPK)
Tidlegare Washington Post-journalist Bob Woodward gav førre veke ut boka «Fear: Trump in the White House». Foto: Alex Brandon / AP / NTB scanpix
På ei veke er det selt 1,1 millionar eksemplar av Bob Woodwards bok om USAs president Donald Trump. Foto: Mark Lennihan / AP / NTB scanpix