Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Zlatan Ibrahimovic seier det svenske landslaget vil klare seg betre utan han på laget under fotball-VM i sommar.
geir.andreassen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 10:47
- Dei jobbar mykje med det kollektive no, det er slik ein vinn, seier Ibrahimovic til Svenska Dagbladet.
Sveriges landslagssjef Janne Andersson har lenge blitt rost opp i skyene for måten han har bygd opp det svenske laget på. Den svenske superstjerna er ein av dei som rosar Andersson.
- Eg trur på Sverige. Dei er betre utan Zlatan, seier han og legg til at det ikkje er negativt at laget må klare seg utan éin spesiell stjernespelar.
- Det kollektive blir den neste stjerna, seier LA Galaxy-spelaren som fortel at han skal vere med å heie dei fram til å vinne VM
- Mi sjel kjem til å vere med dei.
36-åringen spelar i Los Angeles-laget Galaxy, eitt steg ned på karrieren etter opphaldet i Premier League og Manchester United.
(©NPK)
Zlatan Ibrahimovic trur Sverige klarar seg godt utan Zlatan på laget. Foto: Janerik Henriksson / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.